
Torsdag
13
Mars
kl. 13:00 - 16:00
Geitbåtmuseet
Arr: Nordmørsmusea avdeling Geitbåtmuseet - Husasnotra
Torsdagskafé og spikking
Dei to neste torsdagane er det kafé og spikking på Geitbåtmuseet!Vil du lære korleis ein kan forme ferskt tre til ein sleiv eller ein smørkniv? Eller kanskje noko heilt anna? Vi har spikkekniv og emne, ta med deg sjølv og dine gode idéar!
Om du vil ta med ditt eige handarbeidsprosjekt, eller kome for ein hyggeleg prat så er du veldig velkomen til det òg!
I kaféen er det servering av kaffi, bakels og græt.
Museet er også ope for dei som vil ta seg ein kikk!
For dei minste har vi teiknesaker, byggeklossar, bøker, og dei kan sjølvsagt også vere med å spikke.
Velkomen!