Jakt og fiske
Norsk Næverfestival
Næverfestivalen har på få år vakse frå å vere eit avlastningstiltak på helg for Valsøyfjord-baserte neverflekkarar til å bli eit breitt kulturarrangement med kring 250 deltakarar, friviljuge og artistar.
Festivalen kombinerer konsertar, tradisjonshandverk, kurs, lokalmat og kulturformidling i éi einaste, sæl suppe. Velkomen, folk som fe!
På Norsk Næverfestival vert konsertar, klubbprogram, dans, kurs og deltakarbaserte aktivitetar innan musikk, handverk og levande kulturpraksisar smellt ihop så gnistføyka står. Festivalen dreg kring 250 unge vaksne i land frå både nære og fjerne strøk, der den jamne deltakaren stort seg befinn seg i alderen 20-35. Næver'n let gjestane få kontakt med eige hender att, og gjev rom for refleksjon kring korleis desse høyrer saman med både hug, hjarte og omgjevnadar.
På konsertprogrammet stend artistar innanfor musikkgreinene folkemusikk, syngande songskrivarar, alternativ (pønk)rock, jazz, rap og elektronisk klubbmusikk, i 2026 med namn som Rigla, Ragnhild Risnes, Mikkel Rev, Kaanan, Fälaren, Funk for Forest og Wrath som trekkplaster. I tillegg vert det arrangert slåttespel med ymse instrument og spelmannslag, samt dans og klubbkveldar med DJ-ar der elektroniske uttrykk møter gamal toneflod. Konsertane gjeng føre seg i naust, løe og ymse uterom på festivalområdet.
Ved sida av konsertprogrammet skipar vi til foredrag, kurs og verkstader innan mellom anna polsdans, gammaldans, neverflekking, neverfletting, bukkehorn- og beinfløytemaking, sanking av ville vekstar, heilsteiking av eigenprodusert sau, improvisasjonsteater og segling med geitbåt. Alt ihop tufta på lokale, tradisjonsrike praksisar og formidla gjennom kyndig, lokalt fagfolk på feltet.
Billetten inkluderer òg fleire fellesmåltid, der duggurden er byggrynsgraut kokt på mjølk frå naboen, og middagen er bacalao den eine dagen og lokal, heilstekt sau og kokegropgris den andre. Deltakarane får sjølv taka del i matauk, førebuing og tilverking av maten. Råvarene hentast lokalt frå festivalgarden sjølv, eller leverandørar i kommunen og regionen rundt.
Norsk Næverfestival er ei helg fullstappa av festlegheiter, deltakarbasert aktivitet, med fellesskap og meistring i høgsetet. Samstundes bidreg festivalen til å ivareta og aktualisere lokal, regional og nasjonal kulturarv i ein uformell og inviterande setting, og til å setje Valsøyfjord, Heim, Nordmøre og Vest-Trøndelag inn som ei glitrande knappenål i kartet.
Vel møtt!
Kalender(viser inntil 20 oppføringer
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| 09.07.2026 | 18:00 | Norsk Næverfestival 2026 | Valsøyvegen 100 |
| 10.07.2026 | 10:00 | Norsk Næverfestival 2026 | Valsøyvegen 100 |
| 11.07.2026 | 10:00 | Norsk Næverfestival 2026 | Valsøyvegen 100 |
| 12.07.2026 | 10:00 | Norsk Næverfestival 2026 | Valsøyvegen 100 |
