Tirsdag 14 Juni 2022
kl. 08:00 - 20:00
Kroknes laksevorpe

Museumsfiske

Kroknes laksevorpe har fått dispensasjon til å drive museumsfiske i fem finversdagar i år. Dersom det ikkje blir styggver, vil fisket skje frå og med tirsdag 14.06. til og med laurdag 18.06., alle dagane mellom klokka 08.00 og 20.00. Alle er hjarteleg velkomne til å oppleve fisket og også få innblikk i den mangfaldige historia til den laksevorpa i landet som har lengst samanhangande fangsttil, heilt frå 1400-talet. Benytt høvet til å oppleve korleis fisket gjekk føre seg - og også få del i den interessante historia til det som truleg er den einaste laksevorpa i sitt slag

Tir 14.06.2022 - Lør 18.06.2022
08:00 - 20:00
Kroknes laksevorpe
Del på

Sosiale media

2024 © iHeim