Torsdag 16 November 2023
kl. 19:00 - 20:30
kulØr`n, kinosalen
Arr: Heim Bibliotek, avd. Kyrksæterøra

Foredrag med Oddgeir Bruaset

"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"

Han skapte TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»Til saman var Oddgeir Bruaset med på å lage 72 program fordelt på 12 år. Etter at han pensjonerte seg, har han stadig fått spørsmål om korleis det har gått med alle dei han laga program om. Lever dei? Bur dei der enno? Driv dei på same vis?  Eller gjer dei noko heilt anna? Etter kvart vart spørsmåla så mange at Bruaset skjønte han burde skrive bok om det som har skjedd med alle dei han har besøkt der ute. Boka kom ut før jul i fjor, han kalla henne Gjensyn, og nesten alle stadene han var innom, er med. 

Torsdag 16.november kl. 19 blir han å treffe på kulØr’n for å fortelje korleis det har gått med utkantfolket, samstundes som han viser bilde av dei, slik dei såg ut då dei deltok i TV-serien, og slik dei ser ut i dag. Mykje av det han fortel, vil overraske, trur han. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe boka og få ei personleg helsing. 

Tor 16.11.2023
19:00 - 20:30
kulØr`n, kinosalen
Heim Bibliotek, avd. Kyrksæterøra
Del på

Kontakt

Sosiale media

2024 © iHeim