Torsdag
4
Desember
kl. 12:00 - 16:00
Geitbåtmuseet
Arr: Nordmørsmusea avdeling Geitbåtmuseet - Husasnotra
Torsdagskafé og ope museum
Kvar torsdag er Geitbåtmuseet ope med kafé og handverk✨Velkomen til ope museum og kafé!
Utstillinga i museet er ope for besøk⛵️
Kafé Kraftstasjonen byr på kokekaffi og nysteikt bakels med græt eller noko anna godt å bite i☕️
Har du også hullete klede som ligg i skapet og støvar? No er tida for å gje dei nytt liv! Ta med det du har av sokker og slitne dongeribukser og bli med å reparere dei. Vi stiller med nål, ulike typar tråd og inspirasjon til fiksinga🧶
Vi har også bøker, teiknesaker og byggeklossar til dei minste📚🎨
Vel møtt!💫